Vest-Telemark-konferansen er ein viktig og spennande møteplass for næringslivet, virkemiddelapparatet, politikarar og samfunnsengasjerte. Vi fekk ein prat med primus motor Anne Aasmundtveit, som saman med sine dyktige kollegaer i Vest-Telemarkrådet, har sydd saman eit spennande og tidsaktuelt program for årets konferanse, som går av stabelen på Straand Hotel i Kviteseid 6. februar.
Kva målsettingar har de for konferansen, spesielt med tanke på kunstig intelligens i Vest-Telemark?
– Målet vårt er å samle folk frå heile Vest-Telemark til påfyll av kunnskap, inspirasjon, utfordringar og sosialt samvær! Korleis kan private verksemder og offentlege instansar best ta i bruk kunstig intelligens (KI) til det beste for regionen? Ja, det er noko av det vi håpar å få gode råd om frå dyktige innleiarar!
Kan du fortelle oss om nokre av hovudtalarane og kva deltakarane kan forvente å lære frå dei?
– Fylkesordførar Sven Tore Løkslid har lova å fortelje om korleis KI gjer fylkeskommunen betre, og eg har forventningar om at kommunane våre kan lære noko her! Elles er Torgeir Waterhouse i Otte ein av dei i landet med solid kunnskap om KI, og han skal fortelje om korleis Vest-Telemark kan styre KI med kløkt og klokskap. Spennande!
– Eg gler meg sjølv til å høyre alle dei 12 innleiarane – frå lokale næringsdrivande til KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen og adm.dir. i Abelia, Øystein Eriksen Søreide.
– «Vi må vere positivt nysgjerrige og ha sunn skepsis på same tid!»
Anne Aasmundtveit, primus motor for konferansen
Korleis kan kunstig intelligens kombinerast med «sunt bondevett» for å skape positive endringar i regionen?
– Vi må vere positivt nysgjerrige og ha sunn skepsis på same tid! Innafor helsesektoren kan KI aldri fullt ut erstatte varme hender, men kanskje kan klok bruk av KI gje meir tid til omsorg! Eg ser fram til fleire gode tankar om samspelet mellom kunstig intelligens og sunt bondevett i Vrådal!
Korleis kan lokale bedrifter og offentlege etatar dra nytte av innsikten som blir delt på konferansen?
– Vi kan like eller mislike at KI kjem, men kunnskapen er avgjerande for dei kloke vala både privat og offentleg. Eg håpar mange av medlemmane i Vest-Telemark næringsforum har lyst til å vere med på konferansen i Vrådal 6. februar!
Se programmet og meld deg på i dag: https://www.vest-telemarkkonferansen.no/
Foto artikkel: ThisIsEngineering. Foto av konferansen og Anne Aasmundtveit: VT-Rådet.