Staten har lagt fram eit forslag som gir kommunar moglegheit til å innføre ein besøksavgift frå turistar, ofte omtalt som turistskatt. Dette forslaget opnar for at kommunar sjølve kan vedta ein avgift på inntil fem prosent av overnattingsprisen på kommersielle overnattingsstader. Forslaget har skapt debatt i reiselivsbransjen, og òg i Vest-Telemark er meiningane delte.
Vest-Telemark Næringsforum (VTNF) har medlemmar frå dei seks kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje, Fyresdal og Nissedal – område med betydeleg turisme, både frå norske og utanlandske gjester.
Styreleiar Stein Birger Johnsen meiner saka er svært viktig for reiselivsnæringa:
– Dette er faktisk noko av det verste som har skjedd for delar av bransjen på lenge. Mange kommunar er sjølvsagt interesserte i ekstra skatteinntekter, men ei slik avgift kan få store konsekvensar for økonomien og konkurranseevna til verksemdene.
Kva går forslaget ut på?
Forslaget er ein del av regjeringa sitt arbeid for å gi kommunane meir handlingsrom til å finansiere fellesgode knytt til reiseliv, som vedlikehald av vegar, renovasjon og naturvern. Ordninga er frivillig, og inntektene skal øyremerkast reiselivsrelaterte tiltak.
Likevel er det mange utfordringar knytt til dette. Eit hovudpoeng er at avgifta ikkje nødvendigvis vil styrkje økonomien i reiselivet:
– Det er sannsynleg at kommunar brukar midla på generelle tenester, og ikkje på tiltak som faktisk gagnar reiselivsnæringa. Resultatet kan bli ei belastning på overnattingsverksemdene utan tilsvarande gevinst.
Lokale konsekvensar
For reiselivet i Vest-Telemark, som allereie har store sesongvariasjonar, kan ei slik avgift påverke både etterspurnaden og lønsemda. Vi i Vest-Telemark Næringsforum (VTNF) uttrykkjer òg uro for konkurransevriding mellom kommunar.
– Ulike skattenivå mellom nabokommunar kan føre til uheldige forskjellar i prisnivået, noko som gjer det vanskelegare å drive lik konkurranse.
– Vi må sikre at stemmene til dei lokale verksemdene våre blir høyrde i denne debatten, understrekar Johnsen. – Det er viktig at denne typen avgifter blir vurderte nøye og baserte på faktiske behov, ikkje som ei generell inntektskjelde for kommunane.