Sirkulære Telemark 2030: Søk midlar til grøn vekst

Aktuelt

Fredag 18. oktober vart planen for Sirkulær Telemark 2030 presentert, og no oppfordrar me i Vest-Telemark Næringsforum alle bedrifter til å søkje om dei 1,3 millionane som skal fordelast før jul. Dette er ei gyllen moglegheit for aktørar i tidleg fase som vil styrke samarbeidet på tvers av verdikjeder for å utvikle sirkulære løysingar.

Søknadsfristen er 15. november 2024. Det er viktig å sette seg inn i retningslinjene og sende inn søknaden i tide for å bidra til grøne, sirkulære verdikjeder i Telemark.

Les meir her: https://telemarkfylke.no/no/meny/tjenester/klima/sirkulare-verdikjeder-i-telemark/