Omstillingsprogram skal sikre vekst og utvikling

Aktuelt

Vi fekk ein prat med prosjektleiar for omstillingsprogrammet, Vegard Angen Johnsen, som fortel om kvifor Kviteseid kommune har søkt om omstillingsmidlar og korleis dei planlegg å møte utfordringane dei står overfor.

Kan du fortelje litt om kvifor Kviteseid kommune søkte om omstillingsmidlar, og kva spesifikke utfordringar kommunen står overfor?

Historisk sett har det å vere ein omstillingskommune ofte vore knytt opp mot eit drastisk tap eller mangel på arbeidsplassar i kommunen. Dette er ikkje situasjonen i Kviteseid. Vi står derimot overfor nye utfordringar, der mangel på utvikling og tilgang til den rette kompetansen er den største utfordringa. Innbyggjarane i kommunen blir stadig eldre. Allereie no er det få yrkesaktive per pensjonist, og pilene peikar i gal retning. Skal vi motverke den trenden, må vi rett og slett tiltrekkje oss fleire yrkesaktive og få dei til å bu her. Då treng vi attraktive arbeidsplassar, bustader og ein kommune det er godt å bu, leve og utvikle seg i.

Kva er dei viktigaste måla for omstillingsprosjektet i Kviteseid, og kva strategiar planlegg de å bruke for å nå dei?

Den endelegen omstillingsplanen vart behandla og vedteken av kommunestyret 28. august, og vår tilråding er tre heilt klare innsatsområde. Først og fremst skal vi skape arenaer og ein kultur som gjer at næringslivet, frivilligheita og kommuneadministrasjonen jobbar tettare saman mot eit felles mål. Gjennom inkludering og samhandling sikrar vi ein kommune med god utviklingsevne. Då har vi eit godt fundament å byggje vidare på i framtida, også etter at omstillingsprogrammet er over.

Bustadattraktivitet vil òg vere eit satsingsområde. Under dette ligg sjølvsagt bustadutvikling, men også det som gjer Kviteseid til ein god stad å bu. Det kan vere alt frå utvikling av kultur- og tenestetilbodet til born og unge, eller stedsutvikling i ei av bygdene i kommunen.

Eit siste, men viktig område vil vere vekst i næringslivet. Vi har eit breitt næringsliv og har tru på at dei eksisterande verksemdene har eit stort vekst- og utviklingspotensial som omstillingsprogrammet kan støtte. Vi vil gjere ein forsterka innsats mot IKT-miljøet i regionen, samt reiseliv og primærnæringane. Omstillingsprogrammet skal jobbe for at eldsjeler og gode idear skal få lov til å blomstre. Vår hjelp og støtte skal vere bensinen som gjer at vi får realisert desse ideane.

Korleis involverer de lokalsamfunnet og lokale bedrifter i omstillingsprosessen?

I samband med arbeidet med strategien har vi halde tre opne møte der alle innbyggjarane blei inviterte til å kome med innspel og delta i ein felles workshop. Vi har også gjennomført ei stor spørjeundersøking og intervju med lokalt næringsliv, politikarar og kommuneadministrasjonen for å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for strategiarbeidet. Nå som programmet for alvor er i gang, skal vi lage ulike forum og møteplassar slik at vi kan engasjere både næringsliv, frivilligheita og kommunen til eit felles løft.

Kan du beskrive korleis de samarbeider med fylkeskommunen og andre relevante aktørar i omstillingsprosessen?

Det er mange aktørar i regionen som er viktige for å gjere omstillingsprogrammet så effektivt som mogleg. Telemark fylkeskommune følgjer oss tett gjennom heile omstillingsperioden og er dei som tildeler oss midlar kvart år. Dei har ein representant i vårt styre utan stemmerett, men som er ein svært verdifull ressurs med tanke på rådgjeving og erfaring frå omstillingsarbeid i andre kommunar. Innovasjon Norge har også same rolle i styret og arrangerer kurs og samlingar for prosjektleiarane.

Fylkeskommunen legg òg til rette for, og krev, eit godt regionalt samarbeid. Både Drangedal og Nissedal kommune er med i omstillingsprogrammet, og vi har allereie starta arbeidet med ulike samarbeidsprosjekt som kan gagne heile regionen. Telemark Næringsforum, Visit Telemark, Vest-Telemark Rådet og sjølvsagt Vest-Telemark Næringsforum vil vere naturlege samarbeidspartnarar, i tillegg til fleire andre aktørar.

Kva håpar de å oppnå på lang sikt med desse omstillingsmidlane, både for næringslivet og lokalsamfunnet?

På lang sikt ønskjer vi å styrkje utviklingsevna til kommunen og regionen. Kort sagt er dette kommunen si evne til å fungere som medspelar og ressurs for næringslivet og dei som bur i kommunen. Har alle ei felles forståing for kva retning vi skal gå i, samt evna og viljen til å bidra, då er mykje gjort. Vi har klare effektmål for arbeidet vårt, som vi skal måle kvart år. Eg rapporterer til omstillingsstyret og kommunestyret om mellom anna næringslivets omsetnings- og kompetanseauke, del i arbeid, og auke i bustadutbygging.

Link til Omstillingsprogrammet i sosiale media