NHO Vestfold og Telemark inviterer til eit frukostmøte den 28. oktober på Straand Hotel.
– Me i NHO har lenge vore opptekne av privat eigarskap, men no har me sett det enda høgare på dagsordenen. Norsk eigarskap er avgjerande for vidare utvikling og verdiskaping i landet, og med tanke på den auka merksemda rundt tema som skatt og eigarskap, var det naturleg å opprette regionale eigarforum. Det er viktig at eigarar og bedriftsleiarar får ein arena der dei kan diskutere utfordringar og moglegheiter, og at politikarane får høyre innspel direkte frå bedriftene sjølve. Fortel Kristin Saga, regiondirektør i NHO Vestfold og Telemark.
Påmelding kan gjerast innan 24. oktober!
PROGRAM 28. oktober på Straand Hotel.
08:30 – 09:00
Mingling og kaffe
09:00 – 09:05
Velkommen ved Kristin Saga, regiondirektør NHO Vestfold og Telemark
09:05 – 09:35
«Norsk eigarskap og skatt» ved Mathilde Fasting, idéhistorikar og siviløkonom NHH, dr.rer.pol.
09:35 – 09:50
Spørsmål og svar
09:50 – 10:10
«NHO og privat eigarskap» ved Olav Veum, styreleiar NHO Vestfold og Telemark
10:10 – 10:25
Spørsmål og svar
10:25 – 10:45
«Tappes Noreg for meir enn kildevatn?» ved Lars Bunæs, sal- og marknadsdirektør Telemark Kildevann, og «5. generasjon – ingen sjølvfølge» ved Lars Arne Straand, direktør og 5. generasjon vertskap på Straand Hotel
10:45 – 11:00
Oppsummering og kommentarar frå salen
11:00
Takk for oppmøtet og vel heim
Foto Kristin Saga: Moment Studio