Advokatfirmaet Algeroy: Tilbyr kostnadseffektive forretningsjuridiske tenester til heile landet frå Vest-Telemark

Aktuelt

Før sommaren set inn, fekk vi ein prat med advokat Petter Algerøy.

Kan du fortelje litt om bedrifta di?

Advokatfirmaet Algeroy er eit landsdekkande advokatfirma med kontor i Kviteseid og Oslo. Selskapet leverer forretningsjuridisk bistand til små og mellomstore bedrifter og består i dag av to praktiserande advokatar. Selskapet har òg tette band til Aust-Afrika og bistår norske og internasjonale selskap som driv verksemd i Afrika. Vi har eit spesielt fokus på å gjere forretningsjuridiske tenester rimelegare og meir tilgjengelege for SMB-marknaden.

Kor lenge har bedrifta vore aktiv?

Selskapet har vore aktivt sidan 2019.

Kva er bakgrunnen for at du starta denne bedrifta?

Opphavleg vart selskapet stifta for å arbeide med Afrika-relaterte prosjekt, men då vi flytta frå Uganda til Kviteseid i 2019, vart det naturleg å utvide verksemdsområdet til å òg omfatte forretningsjus generelt.

Vi ynskjer å vekse og samtidig vere ein attraktiv arbeidsgivar for advokatar som vil kombinere advokatyrket med familielivet, eventuelt òg med livet på bygda.

Advokat Petter Algerøy

Kva er du mest stolt av med bedrifta di?

At vi, innanfor våre kompetanseområde, klarer å levere den same kompetansen som dei største advokatkontora, men langt meir kostnadseffektivt. Vi er òg stolte over at vi klarer å levere mange av desse tenestene til heile landet til trass for at vi er lokaliserte i Kviteseid.

Er det spesielle prosjekt eller prestasjonar du vil framheve?

Vi kan ikkje nemne konkrete oppdrag på grunn av teieplikt, men vi er veldig fornøgde med at òg større selskap ynskjer å nytte oss innanfor spesifikke rettsområde.

Korleis påverkar bedrifta di lokalsamfunnet i Vest-Telemark?

Tilgangen på forretningsjuridisk bistand er låg i distrikta, og denne kompetansen sit primært hos dei større advokatkontora i større byar. Vi ynskjer å leggje til rette for at denne kompetansen òg finst lokalt. Forhåpentlegvis kan vi òg bidra til at advokatar med denne kompetansen ynskjer å busette seg i Vest-Telemark.

Har pandemien endra noko ved måten du driv bedrifta på?

Pandemien påverka oss positivt i den forstand at mange vart meir innstilte på at digitale møte kunne utgjere ein større del av arbeidsh kvardagen. Dette har gjort det lettare og meir effektivt å betene kundar over heile landet, samtidig som kostnadene held seg nede.

Kva planar har du for bedrifta framover?

Vi ynskjer å vekse og samtidig vere ein attraktiv arbeidsgivar for advokatar som vil kombinere advokatyrket med familielivet, eventuelt òg med livet på bygda.

Kva vil du seie er nøkkelen til suksess i din bransje?

At ein har ei praktisk tilnærming til jussen.

Kva slags samarbeid har bedrifta di med andre lokale bedrifter og nettverk?

Det er fleire lokale selskap som nyttar våre tenester, og vi samarbeider godt mellom anna med Næringshagen i Kviteseid.

Kva er det viktigaste du ynskjer at folk skal vite om bedrifta di?

At vi er eit fullgodt alternativ til dei større advokatkontora innanfor våre kompetanseområde, samtidig som vi har ein heilt annan prisstruktur. I tillegg har vi lokal tilhøyrsle.

Er du medlem i Vest-Telemark næringsforum og ynskjer at vi skal skrive om di bedrift? Send oss ein e-post.